Boligpartner Finans

Trygg forankring i eigedom og finans

Boligpartner Finans AS er heileigd dotterselskap av LT Finans AS, eit familieeigd investeringsselskap med mangeårig historie innan eigedoms- og modulbyggverksemd på Stord.

Me er ein aktiv aktør i lokale nærings- og bustadprosjekt, og deltar gjennom eigarskap og investeringar i selskap som:

  • Vabakken Invest AS
  • Heiane Vest AS
  • Meatjønnsveien 97 AS
  • Heiane Sør AS

Med lokalkunnskap, langsiktig perspektiv og høg kvalitet i alt me gjer, skapar me verdi for både kundar, samarbeidspartnarar og lokalsamfunnet.

Boligpartner Finans blir forvalta og drive av Leif Trygve Nilsen, som i tre tiår var gründer, hovudeigar og styreleiar i Stord Innkvartering – ei av Vestlandets mest lønsame bedrifter.

Stordabuen utvikla selskapet til å bli eitt av dei største i Noreg på midlertidige bygg, bustad- og kontormodular.

Suksessformelen var og er ein liten administrasjon, hardt arbeid, korte avgjerdslinjer, dyktige tilsette og underleverandørar, og ikkje minst fokus på å levera som avtalt.

I 2021 selde gründeren livsverket til den børsnoterte finske eigedomsselskapet Adapteo.

Boligpartner Finans har gjennom åra også investert stort i eigedom, hovudsakleg på Stord.

Selskapet har til dømes vore ein betydeleg investor og pådrivar i utviklinga av næringsområda Heiane Vest og Heiane Sør – noko som har gjort Heiane til det største handels- og serviceknutepunktet i sunnhordlandsregionen.

Selskapet har også eigarpostar i ei rekke bustadprosjekt i porteføljen.

Med vår kapital skal Boligpartner Finans først og fremst bidra til utvikling som gir avkasting.

Heiane Sør