Til salgs: Vabakkjen Lagerseksjonar
Me presenterer no to nye bygg som består av totalt 26 moderne lagerseksjonar. Dette er den perfekte løysinga for små og mellomstore bedrifter som treng proff lagringsplass – gjerne i kombinasjon med med verkstad, kontor, logistikksentral eller garasje for køyretøy og utstyr.
Priser fra kr. 1.840.000,-
Byggetrinn 1 (seksjon 1-14) – Ferdig til sommeren 2026.
Seksjonane ligg på ein allereie etablert eigedom med direkte nærleik til E39, noko som sikrar enkel logistikk og tilkomst.
Seksjonane varierer i storleik frå 64 til 74 kvm. Treng du meir plass? Bygget er konstruert slik at det er fullt mogleg å slå saman tilstøytande seksjonar innanfor aksesystemet.
Med ei generøs takhøgd på ca. 6 meter, får du ei unik moglegheit til å maksimere arealet. Mange vel å byggja ein mesanin (hems) for å få kontorplass eller ekstra lagring i høgda, utan at det går ut over golvplassen.
Bygga blir sette opp med fokus på varigheit og låge driftskostnader. Seksjonane er fullisolerte med 200 mm Rockwool i både ytter- og innerveggar (sandwich), noko som sikrar eit frostfritt og temperaturstabilt innemiljø. Golvet blir levert som støvbunden betong, som er enkelt å halda rein.
Kvar seksjon er rigga for aktiv bruk. Med slukrist tilkopla oljeutskiljar rett innanfor porten, ligg alt til rette for bil- og båtvask.
Konstruksjon:
Fullisolerte sandwichelement (200 mm Rockwool).
Tak:
Isolerte høgprofilplater, dimensjonerte og klargjorde for ettermontering av solcellepanel.
Gulv:
Støvbunde betonggolv.
Veggar:
Betongbrystning i nedre del på endeveggar og hjørne for ekstra vern.
Køyreport:
Rommeleg, motorisert leddport (400 x 430 cm) med vindaugsfelt og fjernkontroll.
Gangdør:
Eiga lakkert ståldør (100 x 210 cm) til kvar seksjon.
Straum:
Ferdig montert sikringsskap i kvar seksjon (frå felles teknisk rom).
Stikk uttak:
1 stk stikk port
1 stk dobbel stikk div.
Lys:
2 stk moderne LED-belysning i tak er inkludert.
Internett:
Trekkrøyr til fiber er lagt fram til kvar seksjon.
Opplegg:
Vatn og avløp er lagt klart fram til kvar seksjon (Tilkoplingsavgift vert dekt av Boligpartner Finans).
Tilpassing:
Ved tidleg bestilling kan røyropplegg for toalett tilpassast nøyaktig etter dine ønske.
Oljeutskiljer:
Slukrist tilkopla oljeutskiljar blir installert rett innanfor port – godkjent for vask av køyretøy.
Ta kontakt for ein hyggeleg «lagerprat» eller for å melda di interesse!
Me hjelper deg gjerne med å finna di ideelle lagerløysing.
Terje Klippen
Tlf 970 59 015
terje@ltfinans.no
Byggetrinn 2
Byggetrinn 1